Sesongavslutning 2. divisjon
Sesongen 2015/16 er no over!
Damelaget avslutta med å slå Kvernbit 3-0 (25-21, 25-13, 25-20) og endte på ein flott 4. plass i seriespelet. Rankingpoenga skulle i utgangspunktet tilseie same plassering. Gratulerer til damene som har vunne 9 og tapt 5 kampar. Det har og vore positivt at yngre spelarar har vore med og bidrege.
Her er sluttabellen i seriespelet (minus rankingpoeng):
1 | Trio | 14 | 12 | 2 | 38-9 | 1139-770 | 24 |
2 | Nyborg 2 | 13 | 11 | 2 | 35-12 | 1086-871 | 22 |
3 | Rossvoll | 14 | 10 | 4 | 31-18 | 1104-988 | 20 |
4 | Stord | 14 | 9 | 5 | 27-21 | 1051-944 | 18 |
5 | Askøy | 14 | 6 | 8 | 25-30 | 1099-1170 | 12 |
6 | Dalen | 14 | 4 | 10 | 19-33 | 982-1166 | 8 |
7 | BSI 2 | 14 | 3 | 11 | 17-35 | 988-1194 | 6 |
8 | Kvernbit | 13 | 0 | 13 | 5-39 | 721-1067 | 0 |
Damene er tydeleg fornøgd med sesongen, her etter siste seriekamp mot Kvernbit. Frå venstre: Ruth Løvø Steinsvåg, Grethe Anuglen, Oda Løvø Steinsvåg, Caroline Vikanes Moschin, Siw Haaland Pedersen, Marianne Velure, Gry Anette Tuset, Turid Verdal og Ane Kristine Storebø.
Herrelaget spelte sine to siste kampar mot Lyderhorn (1-3) på laurdag og ein utsett kamp mot Sotra (0-3) i treningstida på tysdag. Før sesongstart var det eit uttalt mål å ta medalje. Skade og varierande treningsgrunnlag har gjort at det målet ikkje vart oppnådd, og laget endte på 5. plass. Fleire yngre spelarar forlet Stordøya neste år, og laget er avhengig av å få inn nye spelarar for å halde fram i 2. divisjon.
Årets tabell:
1 | Gneist | 12 | 10 | 2 | 34-10 | 1046-812 | 20 |
2 | Sotra | 12 | 9 | 3 | 30-13 | 1002-776 | 18 |
3 | Lyderhorn | 12 | 8 | 4 | 29-19 | 1049-1016 | 16 |
4 | NHHI | 12 | 8 | 4 | 25-21 | 1030-1012 | 16 |
5 | Stord | 12 | 4 | 8 | 17-28 | 898-989 | 8 |
6 | BSI | 12 | 3 | 9 | 15-29 | 862-1028 | 6 |
7 | BSI 2 | 12 | 0 | 12 | 6-36 | 750-1004 | 0 |
Årets herrelag utgjorde: Bak frå venstre: Ole Sæbø Sæbøvik, Torbjørn Nedrebø Søreide, Mikal Asbjørnsen, Vegard Vatna Selvåg, Anders Kalleklev Voreland. Midre rekke: Svein Andersland, Ivar Utbjoe Andersland, Erik Nilsen Onarheim. Liggjande foran: Anders Haga, Øyvind Langballe Storebø (spelande trenar). Jan Fredrik Andersen ikkje tilstades.
- Ole Sæbø Sævareid
- volleyballgruppa@gmail...