Arego
kw:!support_us

Reglement for HobbyVolley

Følgjande reglar gjeld for kampavvikling i HobbyVolley. 

NB! Oppdatert reglement for 2022. Me ønskjer å endre poengteljinga i puljespelet for å få meir forutsigeleg lengde på kampane. 

  1. Puljekampar: Det vert spelt tosetts-kampar til 20 poeng, treng ikkje vinnast med to poeng. Maks 25. Det vert ikkje spelt eit tredje sett. Ved 1-1 i sett får kvart lag eitt poeng kvar.
  2. Finale- og semifinale: Tre setts kampar. Dei to første setta går til maks 17 poeng, treng ikkje vinnast med to poeng. Tredje sett går til 15 poeng. Tredje sett må vinnast med to poeng, men ikkje lenger enn til 17 poeng.
  3. Dømminga er mild, med unntak av overtramp av midtstrek under nett og nettberøring (det er ikkje lov å berøre nettet). Det er overtramp dersom heile foten eller handa er over streken, eller når andre delar av kroppen er på motstandaren sin banehalvdel.
  4. Arrangør dømmer alle kampar. Merk at det i hovudsak er yngre dommarar som dømmer. Me oppmodar om å ta omsyn til desse. Til finalekampar vert eldre dommarar prioritert. 
  5. Turneringa er ikkje open for volleyballspelarar i divisjonsspel under 35 år
    Aktive spelara i volleyballserie under 35 år har ikkje lov å delta på turneringa. Maks 2 aktive spelara over 35 i aktiv volleyballserie på inneværande sesong  pr. lag.
  6. Laga kan bytte spelarar anten ved at dei roterer inn kvar gong dei bytter server, eller at to og to spelarar bytter innbyrdes
  7. I mix-klasse skal det vere minimum tre damer på banen
  8. Heile baklinja er servefelt. I Gamlehallen er det lov å tråkke på baklinja med ein fot ved serv.
  9. Nettouch på serven er lov
  10. Det er ikkje lov å blokke serven
  11. Det er lov å sparke ballen, men ikkje på serve
  12. Oppvarming må skje før oppsett kamptidspunkt

 

Oppdatert: 01.10.2022

 

Kontakt
Kalendar