Arego
kw:!support_us

Serierunde 3 på Stord: "Nina", Vestlandet og volleyball!

12.01.2015 |sa

Oppdatert med FOTOALBUM.

Med "Nina" under full oppbygging i løpet av laurdagen vart det om morgonen bestemt å avlyse serierunden for U13 på Stord. Synd for dei 35 påmeldte laga, men i ettertid ei veldig rett avgjerd. Volleyballaktiviteten på laurdag gjekk difor med til å fjerne 130 meter med svart tape og rigge ned tre langnett. 

Søndag roa vèret seg, og vi kunne ta imot 23 lag til serierunde 3 for U19 og herre 3. divisjon. Stordjentene i U19 fekk denne gong eit blanda sportsleg resultat. Laget sleit med mottaka og endte opp med ein siger mot Sotra og tre tap. Stordherrene hadde denne gong fråfall frå Torgeir Sørvik og Vegard Vatna (ute i skogen og rydda linjer for SKL!). Erstattarar var Erik Nilsen Onarheim på kant og Ivar Utbjoe Andersland i midten. Laget spelte til tider veldig god volleyball, og syner eit svært godt samhald med god trøkk innad i laget. Her gjer trenar Øyvind Langballe Storebø ein kjempejobb. Herrelaget vann alle sine kampar og serierunden samanlagt. I seriespelet går det mot eit klart opprykk til 2. divisjon. 

Pga fråfall frå Sotra i herre 3. divisjon, så stilte Stord på kort varsel med eit toarlag. Laget klarte ein siger, tapte tre, men hadde veldig bra innsats. Godt jobba, gutar og karar! 

Med til historia høyrer at familien Andersland deltok på tre ulike lag og spelte kampar samstundes på tre banar: Ivar for Stord herre, Svein for Stord 2 og Håvard for Rossvoll 2. 

Fornøgde stordherrer: Bak frå venstre: Torbjørn Nedrebø Søreide, Adrian Holm Nes, Øyvind Langballe Storebø, Anders Kalleklev Voreland, Jan Fredrik Andersen. Foran frå venstre: Ole Sæbø Sævareid, Ivar Utbjoe Andersland, Erik Nilsen Onarheim, Anders Haga. Endre Bjørn Ladehaug, Pål Kristensen og Svein Andersland ikkje tilstades på biletet. 

 

Kontakt
Kalendar