Arego
kw:!support_us

Herrene med ny giv!

30.09.2013 |sa

Etter tre år i dvale er herrelaget til Stord Volleyball igjen påmeldt i serien. På søndag gjekk første serierunde i Øystese. Med settsifre 0-2 mot Strand-Ulv og 2-0 mot Lyderhorn vart Stord nr 2 i puljespelet. I plasseringsspelet slo herrene greit Austevoll og BSI, begge med settsifre 2-0, slik at Stord hamna på 4. plass til slutt. Puljeinndelinga slo uheldig ut for Stord, som møtte vinnaren Strand-Ulv i si pulje. Med betre seeding ville laget hatt ein god sjanse på 2. plass, så det får bli eit mål til neste serierunde i november.

Laget er ei god blanding av rutinerte og yngre spelarar. I tillegg har det fått tilvekst av Haakon Jørlo Haugerud frå Hamar og Torgeir Sørvik frå Bømlo. Ole Sæbø Sævareid (U17) og Anders Kalleklev Voreland (U19) fekk også sin debut i seniorspel. Laget er elles i ein oppstartsfase, og tar gjerne imot ny spelarar på treningane.


Bak frå venstre: Haakon Jørlo Haugerud, Anders Kalleklev Voreland, Torgeir Sørvik, Jan Fredrik Andersen og Vegard Vatna Selvåg
Foran frå venstre: Ole Sæbø Sævareid, Erik Nilsen Onarheim og Anders Haga


Torgeir og Haakon i blokk mot Austevoll. 


Anders H, Ole, Anders KV og Haakon (som får legget) i aksjon. 

Kontakt
Kalendar