Arego
kw:!support_us

Herrelaget serievinnarar, og andre mange bra resultat frå helga!

16.02.2015 |sa

Det vart ei flott helg for stordvolleyballen! Herrelaget vann serien suverent med tre førsteplassar og ein tredje plass i dei fire serierundane. I Sandslihallen på søndag vart det tredje plass med eit litt redusert lag da både oppleggar Anders Haga og midtspelar Torgeir Sørvik måtte melde forfall. Stord 2 stilte denne helga og, men med nye spelarar og lite samspel med system mm i forkant vart det bunnplassering denne gongen. Likevel artig å spele kampar! 

På laurdag slo storddamene Rossvoll i 2. divisjon 3-2 i Øystese, etter 15-11 i femte sett. Flott innsats og kjekt å vinne i Hardanger og! 

Jenter U19 gjorde sine saker og bra, slo Sotra i innleiande puljespel for så å vinne begge kampane i nedre sluttspel. Med kun fem spelarar viste laget god innsats og godt spel.

Jenter U13 hadde to lag med til Bergen på laurdag, og trenar Kjetil Djuve melder om ein triveleg dag med minivolleyball!

Fornøgde serievinnarar (med medalje rundt halsen). Bak frå venstre: Adrian Holm Nes, Rohullah Omarkhail, Vegard Vatna Skjetne, Anders Kalleklev Voreland, Øyvind Langballe Storebø, Jan Fredrik Andersen. Foran frå venstre: Pål Kristensen, Ole Sæbø Sæbøvik, Ivar Utbjoe Andersland, Erik Nilsen Onarheim og Bojan Kljajic. Ikke tilstades: Anders Haga, Torgeir Sørvik og Torbjørn Nedrebø Søreide. 

Elles veldig kjekt å ha med Bojan Kljajic i gruppa. Han har 15 års dommarbakgrunn opp til nasjonalt nivå frå heimlandet Serbia, og hadde stålkontroll på dømminga i finalen med eit entusiastisk (polsk) Lyderhorn mot Austevoll. Bojan er ein ressursperson me kan få mykje glede av! 

Kontakt
Kalendar