Arego
kw:!support_us

Heimekampar 28.11.15

29.11.2015 |sa

Det vart full pott for både dame- og herrelaget i Nordbygdohallen laurdag 28.11. 

Herrene spelte mot BSI2 kl 1000. Tok oppskriftsmessig første sett 25-11. I andre sett vart det jamnare, mellom anna pga at spelande trenar Øyvind sette seg på benken i over halve settet. Det vart jamnt på slutten, men BSI2 vann dette 25-23. I tredje og fjerde sett hadde Stord god kontroll og vann desse 25-15 og 25-9. Kampen var ei god gjennomkøyring foran neste helgs rankingrunde i Bergen, ikkje minst for Anders KV og Vegard med relativt ferske posisjonar som midtspelarar. 

Kl 1300 møtte damene Rossvoll, som denne gongen stilte med noko redusert lag. Stord spelte ein god kamp med bra press på serve i kombinasjon med gode mottak, og vann nokså greitt 3-0 (25-15, 25-16, 25-16). Det byrjar å gro litt i dei yngre rekker på damesida og, og både Karoline og Oda fekk speletid i dag. Ekstra kjekt når damene sang bursdagssangen for Oda som fylte 15 år denne dagen!

Bladet Sunnhordland følgde begge kampane denne gongen, og det set me stor pris på. Reportasjane kan lesast for herrekampen her og damekampen her

Her kan du sjå eit fotoalbum frå begge kampane. 

Marianne Velure med tremeterangrep mot Rossvoll.

Ole Sæbø Sæbøvik med diagonalangrep mot BSI2. 

Kontakt
Kalendar