Arego
kw:!support_us

Flott innsats av jentene i NM U15 i Bergen 6.-8. april 2018

08.04.2018 |sa

Gratulerer til våre flinke jenter med 14. plass i NM U15 i Bergen i helga!

I puljespelet vart det to tap mot Koll (som seinare vann finalen) og Svelgen. I 1/16-finalen vart det 2-0 (25-23, 25-22) mot Førde, og klart for 1/8-finale mot Askim laurdag morgon. Her vart Askim for sterke og vann 2-0 (25-25, 25-15), og det var då spel om 9.-16. plass (midtre sluttspel). I første plasseringskamp vart det 0-2 mot Svelgen, så siger 2-0 mot Sveio og 0-2 mot Grønnåsen (søndag morgon). 1/8-finale og plassering 14 av 24 lag kan laget vere godt nøgd med!

Spelarane har representert Stord på ein framifrå måte i eit NM som samlar lag frå heile landet. Ein stor takk går og til trenar Endre Bjørn Ladehaug, hjelpetrenar Kjetil Djuve og oppmann Geir Mosaker, samt føresatte i støtteapparatet i helga, som har lagt ned ein stor innsats før og under NM for å gje alle den best moglege opplevinga i eit NM. Veldig kjekt og at mange føresette hadde tatt turen til Haukelandshallen for å heie på jentene sine.

Takk og til sponsorane LEIRVIK, MIDTFJELLET VINDKRAFT OG MULTICONSULT.

Kontakt
Kalendar