Arego
kw:!support_us

Resultat Kværner HobbyVolley 2015 haust (21.11)

Resultatlista frå haustens Kværner HobbyVolley er klar. Me takkar alle 40 lag for framifrå innsats, og ønskjer haugalendingar, kvinnheringar, tysneskråker, bømlingar, stordabuarar, fitjarbuarar, bergensarar og askøyværingar (nokon gløymt?) velkomen tilbake til turnering nr 32, 23. april 2016! 

Denne gong vart det gjennomført 95 kampar på 7 banar i løpet av 9 timar. For å få dette til er me avhengige av alle i volleyballgruppa, så stor takk til dommarane (i alderen 15-51 år), poengteljarane (bl.a. dei minste frå U13, som er framtida vår), riggarane fredag kveld, damelaget i sekretariatet, Odd med sitt 31. kampoppsett, Frode og føresette med viktig innsats i kiosken og alle andre som gjer dette til ein utruleg kjekk volleyballdag! Sju av dei yngre dommarane hadde dommarkurs med teoritimar fredag kveld og praksis på laurdagen. Kurshaldar og elitedommar Asle Halleraker frå Sveio var imponert over dei unge dommaraspirantane, så dette lover bra for volleyballsporten framover. 

Klikk her for FOTOALBUM

Ta gjerne ein kikk på streamingopptak frå dagen. 

Dame

  1. HIBI
  2. Askøytroppen
  3. Ladies in net
  4. Time Out
  5. Bremnes Seashore
  6. Mil etter Mil
  7. Søreide Babes
  8. Torsdagskveld frå Vikahaugen
  9. God stemning
  10. Turngruppo
  11. Nettingsøstrene
  12. Alternativ trening

Herre

  1. HIBI
  2. Vandrepokalvinnarane
  3. Velstand
  4. Lucky Jack
  5. Salesforce
  6. Moster 3-touch

Mix 1

  1. HIBI 1
  2. HIBI 2
  3. Best når det gjeld
  4. Nordbygdene
  5. Tysvær i slaget
  6. Velstand
  7. Hurralaget frå Gilje
  8. Lucky Jack
  9. Maria og dei
  10. Boknarane

Mix 2

  1. Foreldre & Barn
  2. Råmund 1
  3. Saltstøttene
  4. Etaten
  5. Team Blålys
  6. Apply
  7. Innbytterane
  8. Råmund 2
  9. Bømlo vidaregåande skule
  10. Helsemix
  11. Andre etasje
  12. In it to win it

 

Kontakt
Kalendar