Arego
kw:!support_us

Nytt lag Stord J19 med spelarar frå Bømlo og Stord

05.11.2017 |sa

I haust har Stord Volleyball fått tilskot av ei jentegruppe på åtte spelarar med utspring frå Bremnes. Jentene har trent på Bømlo ei tid, med Karl Henrik Gjerde som trenar. Med ønskje om å kunne delta i seriespel har dei no meldt seg inn i Stord Volleyball, og har to treningsøkter i veka i Stord Idrettspark. Dette er eit veldig positivt tilskot for volleyballmiljøet vårt, og gjer at vi i år kan ha eit tilbod for jenter U19. Karl Henrik har gjort ein god jobb med gruppa, og det er veldig kjekt å ha så motiverte og positive ungdomar på trening. 

Laurdag 4. november deltok bremnesingane og to stordspelarar (Kristina og Hanne) i første runde i 4. divisjon i Bergen. 4. divisjon blir spelt over fire serierundar, på same måte som yngre serierundar. Her slo dei først Møhlenpris 2 2-1 og Austevoll 2-1. I semifinalen vart det tap for Møhlenpris 1 (0-2). Bronsefinalen mot Møhlenpris 2 vart svært spennande, men endte til slutt med tap 0-2 (23-25, 25-27). 

Stord J19. Bak frå venstre: Erdi Hiabu Ibrahim, Kristina Helland, Hanne Vedøy, Karoline Blåsternes, Anja Bjørkheim. Foran frå venstre: Sina Hollund Ersland, Nora Håvik, Anne Wiranda Eitrheim, Anne Sofie Olsen. Foto: Aud Jorunn Vedøy

 

Kontakt
Kalendar