|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Thursday 26. January 2012 |
|
Påmeldte lag vert lagt ut etter kvart. Klikk "Les meir". |
|
Les meir…
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 22. January 2012 |
|
G14-laget til Stord spelte sin andre serierunde på Husnes i dag. Av dei åtte spelarane som var med, var det fem som debuterte i seriesamanheng. Det vart fire tap, men laget tok to sett og spelte fleire jamne sett. For eit nystarta lag lover dette bra for vidare trening og utvikling. Flott innsats frå alle saman! |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Saturday 21. January 2012 |
|
Stord U19 jenter og gutar gjorde unna tredje serierunde på Husnes i dag. Pga trekt lag i pulja fekk jentene kun spelt to kampar, men vart kompensert med femsettskampar. Dei tapte første kampen 2-3 mot Skånevik, men slo Alvidra greit 3-0 i neste. Gutane opna mot førstelaget til Rossvoll. Trass klart 0-2 (8-25, 11-25) spelte gutane likevel årsbeste med skikkeleg innsats og jobbing på banen. Det hjelper å spele mot betre lag! Mot Sveio vart det jamnare, men likevel 0-2 tap. I sluttspelkampen mot Rossvoll sitt tredjelag vart det til slutt 2-1 siger. Eit dårleg førstesett, men henta seg fint inn i andre og tredje. Flott jobba i dag, gutar! |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Friday 20. January 2012 |
|
Aktiv volleyballhelg igjen, denne gongen på Husnes. G14 speler laurdag, medan J19 og G19 skal i elden på søndag. Spesielt gledeleg at det er heile åtte U14-spelarar med denne gongen. Neste gong kan vi vurdere å melde på to lag! Referat og foto kjem søndag kveld. |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 15. January 2012 |
|
Det er tid for påmelding til HobbyVolley nr 24! Dette gjer du ved å velge Påmelding HobbyVolley under hovudmenyen til venstre. Fyll ut alle felta i skjemaet og trykk send. Påmeldingsfrist er fredag 3. februar. Full invitasjon i pdf-format kan du laste ned her: Invitasjon HobbyVolley Påmeldte lag vert lagt ut etter kvart. Lurer du på noko, kontakt Svein Andersland på mob 91399524. |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 15. January 2012 |
|
Laurdag 15. januar var det serierunde 3 for U16. Trenar Knut Ove melder at jentene spelte fire jamne kampar i Ågotneshallen, og kunne like godt vunne alle kampane. Gutane spelte i Bildøyhallen, og vann dei to første kampane 2-0. I finalen mot Strandvik vart det tap 1-2, knappast mogleg i tredje sett 15-17... |
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
| Resultat 1 - 9 av 122 |