Arego
kw:!support_us

Yngre serierunde på Stord - U13 og U19

08.01.2016 |sa

Det vert mykje volleyballaktivitet i Stord Idrettspark 9. og 10. januar. 

U13:
Laurdag arrangerer Stord Volleyball yngre serierunde nr 3 for U13. 30 lag er påmeldt i ulike klassar (med og utan hald). I Gamlehallen vert det rigga til med tre langnett og 9 minivolleyballbanar. Ein minivolleyballbane er på 6x6 meter. 

I fjor vart den same serierunden kansellert av stormen "Nina", men i år ser me fram til å vere vertskap att. Her kan du sjå glimt frå turneringa i 2014.

Jenter U19: Søndag går tredje serierunde for jenter U19, der sju lag er påmeldt. Denne går i Nyehallen frå kl 1200 til ca kl 1800. Her er mange gode lag som viser volleyball på sitt beste. 

Regionslag for jenter og gutar U16: På laurdag har regionslaga lagt si siste treningssamling til Stord før NM for regionslag går av stabelen i Oslo 15.-17. januar. Jentelaget overnattar på Stord og er påmeldt serierunden for U19 på søndagen. Stord har hatt representantar på begge laga. Oda Løvø Steinsvåg var med på to bruttosamlingar, medan Ivar Utbjoe Andersland er tatt ut på regionslaget, i år som i fjor. Det er kjekt for klubben at vi kan rekruttere spelarar som er aktuelle for regionslaga. 


Frå serierunden U13 i 2014. Aldri har me opplevd så mykje volleyballtrøkk i Gamlehallen! 

 

Kontakt
Kalendar