Arego
kw:!support_us

Seniorresultat 2. div herre og dame

18.11.2015 |sa

Dei siste par vekene har både dame- og herrelaget vore i aksjon i 2. divisjon. Her er ei oppsummering av resultat. 

7. november fekk damelaget full poengpott etter to kampar borte mot Kvernbit og Dalen. 3-0 i begge kampane er kjempeflott resultat! Trener Gry melder på Facebook: "Æ må si at æ e stolt over damene. Det er mye erfaring med gjennomsnittsalder på 44 år. Ruth på 43 var veldig fornøyd med at hun var nest yngst."

8. november: Det vart eit magert poengutbyte for stordherrene borte mot Sotra og NHHI. 0-3 i begge kampane. Svak opning mot Sotra, men tok seg opp i andre og tredje sett. Likevel for ujamt spel, tidvis svakt mottak og for lite press i angrep. Mot NHHI kom ein bakpå fleire gonger, men henta seg opp att. Tapte første sett knepent 27-29 (!). Kom bakpå 1-10 i andre sett, men endte likevel opp med eit nokolunde jamnt sett.

15. november: Damene slo Askøy 3-1 på bortebane. Turid melder om god kontroll på kampen. Storddamene plukkar poeng jamnt og trutt for tida og det er me jo sjølvsagt fornøgd med!

Her er nokre glimt frå herrekampane. Damene må snart få med seg ein fotograf! 

 

Kontakt
Kalendar