Arego
kw:!support_us

Kværner HobbyVolley nr 34 - resultat og fotoalbum

23.04.2017 |sa

Det 34. Kværner HobbyVolley vart ein suksess med 39 påmeldte lag i fire klassar. Tilsaman vart det spelt heile 102 kampar i løpet av laurdagen i Stord Idrettspark. Ein stor takk til alle laga som er både lang- og kortreiste. HobbyVolley femnar eit godt geografisk område frå Nordhordland til Haugalandet. 

Klassevinnarar vart Småstrilene (dame), Fathers and Sons (herre), Team Ismo (mix 1) og Dei innante (mix 2). Me gratulerer!

Fullstendig resultatliste 

Arrangementet krev mykje innsats frå heile volleyballgruppa, så stort takk til våre eigne dommarar, poengteljarar, sekretariatet, kioskvaktene m.fl. Utan dette apparatet kan me ikkje arrangere HobbyVolley! 

Ny turnering kjem til hausten, dato vert endeleg fastlagt innan kort tid. 

Inntil vidare kan du sjå om du finn deg i fotoalbumet

Frå kampen mellom Råmund og Hurrajentene. 

Kontakt
Kalendar