Arego
kw:!support_us

Herrene seriemeister i 3. divisjon

25.02.2018 |sa

Stordherrene sikra seg seriegullet i årets 3. divisjon i årets siste serierunde 18. februar i Sotra Arena. Laget spelte seg fram til finalen, etter å ha vunne begge puljekampane mot BSI 1 og BSI 2, kvartfinale (Manger) og semifinale (Rossvoll) med 2-0 i alle kampar. I finalen vart det dags for nytt møte mot TIF Viking sitt gode og framadstormande U19-lag. Stord tapte første sett relativt klart, men henta seg inn att i andre sett og hadde settballen på stillinga 24-23. Personlege feil i avslutninga gjorde til slutt at TIF Viking vann 26-24 og 2-0. TIF Viking hadde da vunne U19-serien, medan Stord gjekk til topps i 3. divisjon. Ein flott dag i ein flott Sotra Arena - for eit hallkompleks strilane har! Stord-trenar Øyvind L. Storebø har allereie planane klare for neste sesong, så her er det berre å hive seg på! 


Gullvinnarane er, bak frå venstre: Adrian Holm Nes, Bendik Sierra, Anders Haga, Anders Kalleklev Voreland og Svein Andersland. Foran frå venstre: Erik Nilsen Onarheim og Øyvind Langballe Storebø. I tillegg er Vegard Vatna Selvåg, Anders Bakken Ottesen og Torgeir Sørvik seriemeistre. Me gratulerer!

Kontakt
Kalendar