Arego
kw:!support_us

Om turneringa

Kværner HobbyVolley er ei uformell turnering for vaksne som kvart år sidan oppstarten i 2000 har vore arrangert vår og haust. Det er påmelding i tre klassar - dame, herre og mix. Dame- og herreklassane går første del av laurdagen, slik at det er mogleg å melde seg på eit mixlag i tillegg. Det er aldersavgrensing i forhold til at aktive under 35 år med spelarlisens ikkje kan delta. 

Turneringa vert arrangert i Stord Sportssenter på Vikahaugane, sjå kart. Der rår me over 8 banar i Nye- og Gamlehallen, i tillegg til kiosk og sekretariat. Har du ungar med så legg me fram teiknesaker og. 

Stord Volleyball dømmer alle kampar inkludert kampsekretariat. Dommarar er gjerne våre yngre spelarar. 

Ta gjerne ein kikk på fotoalbuma!

Kartet nedanfor viser kor deltakande lag har kome frå i perioden 2000-2013. 


Sjå på større kart

 

 

Kontakt
Kalendar