|
Var du ikkje på informasjonsmøtet vårt onsdag 31. august? Då kan du lesa informasjonen her.
Påmelde lagFølgjande lag frå Stord IL er påmeldt i serien sesongen 2011-12: - Jenter og gutar U14 (under 14 år) – Trenarar: Håvard og Eirik – trening onsdag 18-20
- Jenter U16 (under 16) – Trenar: Vibecke Elde (tysdagar) – trening tysdag og torsdag 18-20
- Gutar U16 og 17– Trenar: Svein Andersland – trening måndag 18-20 og torsdag 20-22
- Jenter U17 – Trenar: Nina Sørli – trening tysdag og torsdag 18-20
- Damer senior – Trenar: Gry Tuset – trening måndag og onsdag 20-22
- Damer trim – Denne treninga er avslutta grunna labert oppmøte og ustabil trenarsituasjon
- Herrer trim - Trening måndagar 20-22
Me har ikkje meldt på seniorlag på herresida neste sesong, pga låg interesse (ikkje nok spelarar). Me har også valgt å ikkje starta opp U12-gruppe komande sesong, pga liten oppslutnad i fjor. Dersom det er yngre spelarar (10-12 år) som ynskjer å byrja med volleyball, vil dei få tilbod om å vera med i U14. Trenarar Me er sårbare på trenarsida. Per i dag manglar me trenar til jenter 16 på torsdagar. Det hadde også vore kjekt og hatt nokre foreldre med som hjelpetrenarar/vikarar ved behov. Det er fint om nokon melder seg. Me vil arrangera eit trenarkurs denne sesongen som vil vera tilpassa foreldre og juniorspelarar (U16 og 17). Me kjem attende med dato for dette kurset. Kva kostar det å vera med i volleyballgruppa?Alle som trenar med Stord IL Volleyballgruppa skal... - betala kontingent til Stord IL (hovedlaget). Faktura på 350,- (forbehold om endring) kjem i posten.
- betala treningsavgift til Volleyballgruppa. Treningsavgifta er:
Kr. 800,- for U14 Kr. 1000,- for U16 og U17 Kr. 1200,- for senior (damer 2. divisjon) - betala lisens til Norges Volleyballforbund (gjeld ikkje U14). Faktura kjem på e-post.
Lisensen er: Kr. 700,- for 17 år og eldre (fødd 31.12.94 og tidlegare) Kr. 530,- for 14 - 16 år (fødd 01.01.95 - 31.12.97)
Dugnad Våre eigne arrangement er, i tillegg til treningsavgifta, den viktigaste inntektskjelda til volleyballgruppa. Sesongen 2011/12 vil me ha tre arrangement, og me er då avhengige av at spelarar og foreldre stiller opp og hjelper til (Sjå terminplanen for arrangementsdatoar). Aktuelle dugnadsoppgåver på arrangementa er kiosk (foreldre + dei yngste), dømming, poengteljing og sekretariat. I tillegg treng me foreldre til køyring til yngre serierundar (sjå terminplan for tidspunkt). Me kjem til å setja opp ei dugnadsliste tidleg i sesongen. Denne vert både lagt ut på heimesida vår og delt ut på treningane. Volleyballgruppa har ikkje loddsal. Påmelding til VolleyballgruppaMe ber alle nye og gamle spelarar om å fylla ut elektronisk registeringsskjema. Du kjem til skjemaet ved å klikka på "Registrering" i menyen til venstre. Her finn du også kontonummeret vårt for innbetaling av treningsavgift. |