|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Thursday 26. January 2012 |
|
Da er 24 lag klare for det 24. HobbyVolley! 11 dame- og 13 mixlag. Herreklassen kjem sterkt tilbake til hausten. Kampoppsettet er klart: Kampoppsett HobbyVolley V-2012. Reint Bord og Uggdal er nye lag i mix. Merk at excel-arket har ein fane pr klasse, sjå nederst på reknearket. Merk og at dei siste kampane i mixklassen vert spelt i gamlehallen. Dette pga arrangementskollisjon frå Vikahaugane si side. Hugs at revisjon(ar) kan kome, nesten heilt opp til kampstart! Følg difor med på oppdatert info her. Resultat og bilete vert lagt ut i løpet av søndag. Elles vekkjer vi til live den gamle "barnekroken", og ordnar med bord og teiknesaker for dei som vil gjere noko meir meiningsfullt enn å sjå foreldra daske ballar over nettet...;-) |
|
Sist oppdatert ( Thursday 09. February 2012 )
|
|
Les meir…
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 22. January 2012 |
|
G14-laget til Stord spelte sin andre serierunde på Husnes i dag. Av dei åtte spelarane som var med, var det fem som debuterte i seriesamanheng. Det vart fire tap, men laget tok to sett og spelte fleire jamne sett. For eit nystarta lag lover dette bra for vidare trening og utvikling. Flott innsats frå alle saman! |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Saturday 21. January 2012 |
|
Stord U19 jenter og gutar gjorde unna tredje serierunde på Husnes i dag. |
|
Sist oppdatert ( Monday 30. January 2012 )
|
|
Les meir…
|
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 15. January 2012 |
|
Det er tid for påmelding til HobbyVolley nr 24! Dette gjer du ved å velge Påmelding HobbyVolley under hovudmenyen til venstre. Fyll ut alle felta i skjemaet og trykk send. Påmeldingsfrist er fredag 3. februar. Full invitasjon i pdf-format kan du laste ned her: Invitasjon HobbyVolley Påmeldte lag vert lagt ut etter kvart. Lurer du på noko, kontakt Svein Andersland på mob 91399524. |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 15. January 2012 |
|
Laurdag 15. januar var det serierunde 3 for U16. Trenar Knut Ove melder at jentene spelte fire jamne kampar i Ågotneshallen, og kunne like godt vunne alle kampane. Gutane spelte i Bildøyhallen, og vann dei to første kampane 2-0. I finalen mot Strandvik vart det tap 1-2, knappast mogleg i tredje sett 15-17... |
|
|
Skrive av Svein Andersland
|
|
Sunday 15. January 2012 |
|
Storddamene spelte to heimekampar i Nordbygdohallen i dag. Første kamp vart vunne 3-1 mot BSI. Etter å ha tapt knepent i første sett kom laget sterkt tilbake og halte i land ein kjærkomen siger i årets sesong. I andre kampen vart det tap 1-3 mot Gneist. |
|
|
|
<< Start < Forrige 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Neste > Siste >>
|
| Resultat 1 - 9 av 121 |